Tørre auge?

Har du tørre auge? På Brilleriet kan me hjelpa!

Har du nokre av fylgjande plager:

  • Sandpapirfølelse?

  • Rennande auge?

  • Kløe?

  • Varierande/uklart syn?

  • Raude auge?

  • Ruskfølelse?

  • Brennande auge?

  • Sviande auge?

Då kan årsaka vera tørre auge.

Tidlegare vart tørre auge primært betrakta som ein sjukdom i tårekjertelen, men nyare forskning tydar på at tilstanden oftare skuldast teitte eller dysfunksjonelle meibomske kjertlar og krev nye metodar for behandling.

I augelokka våre har me mange meibomske kjertlar som har som hovudoppgåve å skilje ut fettstoff til tårefilmen. Teitte meibomske kjertlar (MGD) er den vanlegaste årsaka til tørre auge – ein tilstand som er prega av tette kanalar på augelokkskantane oppe og nede, eller gir dårleg kvalitet på det fettaktige stoffet som vert skilt ut herifrå.

Tradisjonelle behandlingsalternativ som augedråpar, god augelokkshygiene, varmemaske og augelokksmassasje fungerer for nokre, men ein oppnår ikkje alltid langsiktig eller tilfredstillande resultat. Nye behandlingsmetoder med IPL og LLLT, der ein stimulerer dei meibomske kjertlane til betre produksjon, kan ha ein betre og meir langvarig effekt.

Intensed Pulse Light (IPL) er ein varmebehandling av huden under augo. Behandlinga får augelokka til å skilje ut feittstoff med normal kvalitet og mengde.

Light Modulation Low Level Light Therapy LM (LLLT) er ein ny behandlingsform for tørre auge. Behandlinga er behageleg og effektiv, og har vitenskapeleg bevis for førebygging og behandling av blant anna tørre auge.

LLLT er utforma som ei maske med ledlys ein har over andletet.  Maska kan behandle fleire tilstander som fører til tørre auge f.eks. mgd, chalazion, sjøgrens og rosacea. LLLT- maska er ei lavfrekvent fotobiomodulasjon som stimulerer energiproduksjonen i cellene sine mitokondriar, og set i gang prosessane som har vore inaktive over tid. Dette gjer at ein kan behandla teitte meibomske kjertlar (MGD) på augelokkskanten samt mange andre augerelaterte overflatepatologiar på ein optimal måte.

LLLT vert brukt i behandling av dei fleste tilstandar på auge sit overflate. Blant anna tørre augesjukdom (DED) forårsaka av dysfuksjon i dei meibomske kjertlane (MGD) og Sjøgren syndrom. Maska er laga og sertifisert for medisinsk bruk. Den er designa for å utnytte nær-infrarøde lysstråler som påverkar cellene sine mitokondriar samt utløse biokjemiske og biologiske reaksjonar som stimulerer til betre proteinsyntese. På denne måte stabiliserast tårefettlaget.

LLLT Rødt lys – Brukt for betennelsereduksjon og ATP-produksjonsstimulus

  • Behandlar tørreaugesjukdom (DED), MGD, chalazion, sti, Sjøgren syndrome, blefaritt, tørre auge etter augekirurgi og ektropion

LLLT Blått lys – Brukt til bakterieeliminering

  • Behandlar demodex, blefaritt og rosacea

Prosedyre:

  • Kartlegging av symptom og plager

  • Behandlinga må tas utan kontaktlinser og helst utan sminke

  • Maska vart lagt over augeområdet

  • Lyset frå maska gir varme og lys, men ikkje ubehag

  • Behandlinga krev ingen aktivitet frå pasienten

  • Behandlinga tek om lag 15 min

  • Antall bebandlingar er individuelt, men det er vanleg med ca 4 stk

  • Pasienten vert fulgt opp etter 6 mnd, då vert det vurdert om ein treng fleire behandlingar

Meir nyfiken? Her kan du lese om LLLT på produsenten si heimeside eller høyr vår optikar Arnhild prata om tørre auger her:

Previous
Previous

Grå stær